I dag he vi vør (nesten) oppe på Urfjellet. Det e 839 meter høgt, og vi stoppa der ura bjøndte, ved foten av SJØLVASTE Urfjellet... Du må gå et par tima berre for å komme til foten skjøna du, og når du e med foten, so ekje det so langt igjen, berre ei lita ri, men so he det sej slik at ej lika iallefall ikkje ur, og ej lika ikkje at ho Tuca ska gå å snuble i lause steina ho heller. Men turen va fantastisk!! Bratt, deilig og vakker! 4 tima brukte oss på heile turen, inkludert et kvarters matpause. Ej tru vi må ta oss en tur opp dit imårgå me.. jippi! Det e i fjellet ej og ho Tuca virkelig leve. Når du set på taket av verda, og frykta for å dette ut for et alt for høgt stup - ja då e livet verdt å leve.

Bildet he ej forrestn stjelt frå ei nettside - og det e IKKJE snø der no. (Riktig nok finst det snøflekka lenger inne i fjellet - i skyggesidene).
No comments:
Post a Comment