I går so prøvde ej mej på ski med ho Tuca i band for aller første gång. Planen va altso å ha stav i eine handa og hond i andre. Det kunne fort bli moro. Etter ca 20 meter møtte oss den første bittelisje nedoverbakken, og når an he ski på føtene so bruka an å få litt fart. Jaudå, det syns ho Tuca va meget moro, so ho satte i gang med sin villaste gallopp og dobla farta mi nedgjønå den bittelisje bakken. Ja det vart litt uvant ditta her for stakkars Tukisn, men snart gjekk det bedre.
Oss kava oss innover en dal, for det meste slak oppoverbakke. Etter ei ri, so skulle oss snu og gå heimatt. Og mens oss gjekk bortgjønå løypa so kasta ho Tuca sej plutselig ned og skulle rulle sej i snøven - rett foran skia mine. Ej måtte berre hive mej til sida og tryna ned i snøven, og veit ikkje anna en at Tuksin kom å snøfta mej oppi fjeset for å sjå om ej levde. Og det gjor ej. Okej, so prøvde oss på nytt. Røyse oss opp, skli sakte framover, og der ser ej Tukisn gjer sej klar til endå ei snørulle rett foran skia mine. Endå et kamikazeoppdrag. So då brøla ej "NEEEEEEEI!" som ej aldri he brølt før - og det forstod ho. Det va siste gång ho rulla sej på den turen...
Etter det so gjekk faktisk turen over all forventning. Ej kjørte so sakte og forsiktig ej berre klarte, og Tukisn gjekk i raskt trav eller gallopp på mi venstreside nedgjønå bakkane. Ho fungerte tilåme som trekkhond der ho syns at farta kunne vere litt større.. I starten so vart det litt problematisk med Tukisn på kryss og tvers med snusing og tissing og rulling, men til mi store glede so forstod ho ganske so fort korleis skigåing fungera. Ja du ekje so dom du Tukis.
Iditarod neste!
Og det beste av alt va at ej hadde masse isklompa i skjegget når ej kom heim. Då veit du at du leve livet. Åååååååååååååå levva livet.
Wednesday, January 23, 2008
Subscribe to:
Post Comments (Atom)


No comments:
Post a Comment