Thursday, August 21, 2008

Judo-drops

Små som klinkekuler er dei, blomane, og lilla, der dei stend i grøftekanten kvar morgon når me tuslar forbi. Og duene, med ring kring halsen, dei flyg avgarde når me kjem. Dei vil ikkje vite av oss, eg med joggesko og ho med pels.

Me gjeng ei stund, so stende me der, ute på neset, og vinden blæs, og håret legg seg som på ein frå gamle dage då han var ute og drog, og me tenkjer; kvar vart det av judo-dropsa?

Med auge som vender innover, og med ein nordavind som friserer meir enn godt er, gjer me vendereis mot frokostbord og kefir i store glas. Ho gjenge bra på no, det nærmar seg. -Der! Ho ser han over taket der ho Jordmor-Matja bor, og ho legg seg langflat nedi grøfta og gnurar seg noko so inni hampen.

3 comments:

Anonymous said...

No må du koma ned frå fjellet og skriva meir i bløggen din!

Sniff Sniff said...

Hoho, fornøgd no vofsen?

Anonymous said...

Flink bisk! :)