Wednesday, August 20, 2008

Herbalife

Kjære godtfolk, med og utan hår i sør.

Sidan det gjeng inflasjon i å skrive lesarbrev om seg og sine (her i øydeland blir alt som skjer meir enn ein gong rekna for å vere inflasjon), lyt eg óg fortelja frå livets mysterium på vestlandet.

Som naturleg er, har eg i røynda konvertert til nynorsk og heilskjegg. Det er i seg sjøl ein uslåeleg kombinasjon. For eventuelle nye Sjåarar kan eg berette at Eg og Min Vesle Husfru, Tuca, bur no i den vesle og øde øykommuna Midsund. For å få fullt utbytte av Øydedomen, har me verken internett eller tv-kanalar, og kveldane går helst med til å sete på ein av mange utkikspostar i fjell og fjøre, gjerne nordvendt, og speide etter kval og strandsnipe, i håp om at den eller dei vil fortelje om Livet.

I går fann Tuca ein kukkelur, omtrent på størrelse med ein hundelabb, av den kvite typen som syng om havet når du held han til øyra. Dette var ei stor hending som vart høvesleg feira med ein kopp kaffi og koking av erter.

Erta var gode den, før alt vart svart, og teppet gjekk opp for søte rognkjeks og gla´jazz.

No comments: