I går so reiste ej frå jobb kløkkjå trej, suste rett heim, lufta Tukisn, åso hoppa oss i bilen og satte kursen mot gode gamle Bud. Tukisn va litt fornærma over at ho ikkje fekk middag først, men ho overlevde no det også. Det va iallefall spennande å komme te Bud! Når oss parkerte på gravplassen, so kjente ho Tuca sej igjen me en gång. Ho vart heilt søsen, og slapp utav sej et gledesbjeff før oss satte kursen opp mot Gulberget.
Heilt i starten møtte oss ei eldre dame, som kunne opplyse om at Gulberget va folketomt. Kjempegreier! Tukisn fekk gå laus heile turen, og det vart mange gode retriever-løp, og mykje god lyngrulling:) Forøvrig tru ej ho Tuca hadde blitt en bra alpinist dersom ho hadde vør et menneske. Ho bruka ofte å sette sej på toppen av lange bakka, vente der ei stond te ej he komt et stykke ned, åso hiv ho sej utføre og ræsa på nedjønå lyngen som et kvinnjfolk på salg! Omtrent som han Balder i den gode gamle Balder-bakken:) En gång so kom ho flygande jønå lufta, ej tru det måtte ha vør 2-3 meter ditta svevet, ho flaug over ei stor tue, og landa pladask nedi et gjørmehøl før ho sprinta vidare. Takk til Tukisn for god underholdning!
Når det nærma sej slutten av turen, so kom ho plutselig fykande i stor fart, heiv sej inn i lyngen og børa snuten nedjønå. Etter litt kafsing, so fann ho det ho leita etter, og hoppa bortover stolt og glad - tyggande på ett eller anna. Ej tenkte for mej sjøl at "nei no vart det vist mus te kvelds", og ej luska mej etter for å sjå på ditta stakkars dyret ho knaska søndt. Men det ligna liksom ikkje heilt på ei mus. Etter en kjapp byttehandel, so fekk ej tak i den gøye tingen; en gummidings med store kvite bokstava på. Der stod det "BIRK". Hoho! Mitt tips e at han Birk he jogga frå Sunnmøre ut te Bud for å legge igjen et aldri so lite sjekketriks te ho Tuca. Han e vel informert om at løpetida nærma sej. Og sjekketrikse fungerte tydligvis! Ho Tuca syns at Birk-dingsen va utrulig kul:)
Turen va forrestn digg. Nesten vindstille, litt sol, digg utsikt utover havet, te Bjørnsund og Aukra og det evig vakre Ormen lange-anlegget. En genial tur på 1,5 time i passelig kjapp gange uten pause. Mykje gjørme i stien, men det e berre moro. Terningkast 6!
Jaudå, då va det berre å sette kursen mot Bryggjen i Bud, klar for pooooootejtballj! 115 krone kosta det, so fær du ejte so mykje du berre vil. Dei he poootejtballj, blandaballj og fiskeballj. Ej held mej soklart te poootejtballjen sia det e suverent best! Åddus kor ej åt. Mykje gøtt tejbehør, so det va berre å løfse innpå. Nydla mat og god service. Det va berre en ting so va feil.
Det va LØK I POTETBALLEN!!!!!!!!!!!
Ka i alle dage e det slags galskap? Det e som å ha ketchup på julemiddagen. Sikkert godt, ganske rart, og alldeles uhøyrt!!!!! FY FOR SKAM! Ej vart ganske sjokkert.. menmen, ej fekk no gratis påfyll med surmelk, gratis kaffi attpå, so det vog no opp. Åso e det godt å oppleve at den sokalla "vennskapelige mobbinga" mellom sunnmøre og romsdalen leve i beste velgåande også i Bud. Dei satte på Vassendgutane på restauranten, og lokalheltane på nabobordet meinte at "no hadde dei lært sej å plystre på sunnmørsk", og flira høgt og lenge av sin eigen fantastiske vits. Kokken ropte ut i lokalet te mej at "ja tå der vå væl bra musikk?!!?", nokke ej soklart måtte bekrefte, åso flira oss alle. Sunnmøringen flira av romsdalingane, og omvendt. Ja det e vel ikkje kvar dag det kjem sunnmøringa te Bud, men ej ska sei dej det at det varma et sunnmørshjerte å bli erta litt. Då vart ej glad! Ej tru nok palestinerane og israelittane he nokke å lære av oss...
Tuca fekk sej en smakebit av potetballen ho også, og syns nok at Budaturen va glimrande. Oss kjaurde heim te oransj solnedgang og blikkstille hav. Kyst e berre herlig.. Tuca fekk sej en kotelett te middag når oss kom heim, og resten av kvelden gjor oss ikkje anna enn å sløve og drikke vatn. Ej tru ej drakk 2 liter vatn i går kveld. Vart liksom aldri utørst.. Det e sånn det ska ver! Ej følte mej ganske gravid der ej låg, og tenkte som so at "so lenge det finst ballj og lyng, so ekje det so verst ditta livet likevel... " :)
Friday, October 26, 2007
Subscribe to:
Post Comments (Atom)


No comments:
Post a Comment