Ja som oss alle veit so e det mange rare tips ute å gjeng på hondefronten. Sprut sitronsaft i augene på honden din, so bli han nok lydig ska du sjå. Heng honden din opp ned og mal brillene hass grøn so kjem han sikkert når du ropa på han. Men det aller beste tipset fekk ej i går.
Ej og Tuca va ute og tuska i skogjen, då oss møtte et par med en hond. Dei hadde hatt både golden og labrador før og syns at ho Tuca va soooooooooo fin. Og oss smilte so fint oss kunne og va so enige i alt. Men so lurte ho på om oss hadde hatt problem med våteksem? Ikkje i nevneverdig grad, va svaret vårt. Ho Tuca he kun hatt det en gång, pga redusert immunforsvar. Alikevel ville Orakelet dele av sin kunnskap, og fortalte at det va lurt å dynke honden i potetmjøl når han va våt! (Dersom du ikkje forstod det, so e målet med potetmjøl-dynkinga å få honden tørr)
So det ska oss prøve i kveld. Når oss kjem inn att frå tur, og Tuca he duppa sej litt uti øverlandsvatnet, so ska ej leite fram potetmjølet, tømme det over ryggen på ho Tuca og gnukke det godt inn i pelsen før oss slær oss til ro oppi sofaen.
No forstend du kanskje kaffør alle klaga over at det bli so mykje husarbeid av å ha hond.
Wednesday, June 4, 2008
Subscribe to:
Post Comments (Atom)


2 comments:
Kanskje jeg skal ta litt potetmjøl i rumpa mi.......
E du låk i stompen endå? Ska ej blåse på?
Prøv potetmjøl du. Det e sannsynligvis det beste av alt som ikkje hjelp.
He du vøre me dyrlegen og fått sjekka igjen eller? :)
Post a Comment